Kan du si litt om prosjektet du søkte om midler til, og hvordan du har brukt pengene du fikk?
Prosjektet mitt er kanskje ambisiøst; det handlar om å skrive ei innføringsbok i arkivteori og metode for studentar på høgskolenivå. Eg har vore lærar på arkivstudiet ved Høgskolen i Oslo i fleire år og vi har sakna ei samla framstilling på norsk. Så held altså på med eit manuskript som med utgangspunkt i den historiske utviklinga av arkivets samfunnsmessige funksjonar, presenterer utviklinga av arkivteori frå 1800-talet og fram til i dag. Boka skal gi eit breitt bilete av ulike teoretiske og metodiske tilnærmingar til forståinga av arkivets samfunnsfunksjonar, arkiv som dokumentasjon og samfunnsminne, arkivdanning, funksjonsanalyse og arkivplanlegging, arkivbeskriving, bevaringsvurdering og bevaringsstrategiar, arkivformidling, fagetikk og rolleforståing. Framstillinga vil leggje vekt på å presentere synspunkta til sentrale aktørar i den internasjonale faglege debatten om desse emna. Det er viktig for meg å vise at arkivfaget er ein dynamisk vitskapleg disiplin, som (slik som andre humanistiske vitskapar) er prega av at ulike faglege retningar konkurrerer om hegemoniet. Og det er viktig å vise veg til originaltekstane; hovudformålet med boka er å inspirere til vidare lesing. Det finst mykje spennande arkivfagleg litteratur der ute som fortener fleire norske lesarar!
Pengane blir brukt til å ta fri frå anna arbeid, for å kunne konsentrere meg om prosjektet. Og ein liten del av pengane vart brukt til å delta på konferansen ”The Philosophy of the Archive” in Edinburgh i april i år.
Hvor mye penger fikk du?
Eg søkte om 135 000, som eg rekna med ville gi meg om lag fire månadsverk. Og det fekk eg. Dette er ikkje nok til å gjere boka ferdig, så eg må meir skaffe meir finansiering seinare. Men det er nok til kome over den første kneiken, for å seie det slik, skrive ut dei første kapitla som dannar ramma for resten av framstillinga. Og eg er godt i gang!
Ville du ha kunnet sette i gang med prosjektet hvis du ikke hadde fått disse midlene fra Norsk Arkivråd?
Utan støtte frå NA hadde eg ikkje kome i gang. Arbeidet med eit slikt prosjekt er ikkje berre skriving; det handlar like mykje om å sjekke og få på plass hundrevis av referansar til bøker og artiklar av ei lang rekkje forfattarar. Og dette er ei langdryg affære som tar lang tid.
Har du noen tips til andre som vurderer å skrive en søknad?
Generelt vil eg tru at det er viktig å vise kva ein vil og grunngi kvifor dette er nødvendig (og fornuftig bruk av pengar for NA), samtidig som ein forpliktar seg til ein bestemt framdriftsplan.
Søknadsfristen i 2008 er 1. november. Les mer
